Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Vis-Knut-kjelda på Mork

Ute i gjordet på søre Mork i Bråtå kjem det fram eit vatn som det er helsebot i. Ein frå Bråtå var til Vis-Knut for noko som vanta 'om, og da nemnde Knut at det i Morka-gjordet var eit vatn som det var mykje godt i.

Gamle Lars Tuvon sto ein dag og vatna åker på Mork. Da vart han brått så illande låk i eine foten at han måtte kreka seg utu' åkeren. Så kom han på at det var helsebot i detta vatnet, og han kom seg nedpå der og fekk vaska foten i det, og da var det ikkje lenge før foten var like god att.
(Skjåk.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *