Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Voldingar forsvare Jemtland mot svenskane…

Mange har fortalt at i 1650-60 år var mange voldingar inne for å forsvare Jemtland mot svenskane. I ei kyrkje skal det vere ei tavle med mange namn på voldingar. Eit namn skal vere Døvik — Dravlausvik i Dalsfjorden. Sagnet seier at voldingane var inneringa og heldt på å svelte i hel. Dei måtte koke støvlane sine so dei kunne få seg noko mat. Til slutt vart dei utjaga frå gøymsla si og nedhogne på ein åker der alle miste livet.

Dette sagnet er fortalt av mange på noko ulike måtar. På garden Dravlauslid hekk lange ei mundering som skulle vere frå 1644. Ho skulle verte øydelagt ved brand. Mannen som åtte henne, heitte Jon og skulle vere utkommandert for å forsvare den siste skanse i Jemtland. Det har vore ettersøkt i Sverige om dette er rett, men utan resultat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *