Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Vole-kvernene

(Kjelde: Ola Øyjorde og Lars Flå)

Det var fleire kverner ved Bøvra utanfor Vole. Sygard Gaupar hadde ei. Bestefar og nokre andre karar låg ved kverna og mol. Da høyrde dei Mjå-fonna dura. Bestefar kjende seg reint fotlaus, men han og dei andre kom seg undan.

Men det gjorde ikke ein kar frå Visvollom, som låg ved Volekverna og mol halm til å drygje mjølet med. Eg har hørt fleire namn på karen, men det var ikkje Korn-Serkve.

Denne karen høyrde det dura, og skjøna at Styggedals-skredet var losna. Han tok spranget, skulle berge livet. Han om-kom, men kvernhuset stod og kverna gjekk.

Da eigaren hørde det, sa han: Han måtte brennande stana kverna før han tok spranget, lell.

Vole-kvernene strauk i ein flaum, om det var i ofsen eller i 1860, veit eg ikkje.

Same gongen strauk bygda-saga ved Hoft og ei god kvern.

Erland Larsen Amillom døydde på fjellet. Broren Lars dikta um ulykka.

Jo S. Aukrust omkom på Lorfjellet mellom Skjåk og Lesja. Han ville til Romsdal og sjå på ein gard. Han hadde kjøpt den vesle garden Nistugu Slålien og budde der, men tenkte å få seg ein større.

Sygne-Nils er den siste eg veit som omkom på Sygnefjellet.

Ein gong for lenge sidan kom 2 tå Gald-meinnom nedantil Bøverdalen. I Røysheimkleiven vart dei tekne av ei sjogskryu og omkom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *