Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Vonde-Lavrans og tussane

Vonde-Lavrans livde i seinste luten av det 18de hundradaare og budde paa Meaas i Selgjord.

Mor til Lavrans var so fælt tilvens med tussane ho. Kvar høgtidskveld og elles au i ymse høve bar ho mat og drikke ut til dei og sette paa ein stor, flat stein dei kalla Matufsi. Aldri gjorde ho dei noko imot, difor var dei au hjelpsame og drog til husar baade fôr og mat, so der var stor vælstand paa garden.

Lavrans var kjempekar og vond og vrang, verre enn andre. Tussane vyrde han ikkje stort, men ertas med dei stødt. Eigong sloss han so fælt med ein tussegut nede i Meaasdalen, det var nappetak med dei og dei hels so lengi til ingin av dei orka meir, men laut reise kvar til seg.

Ein joleftan kjem det inn ein tussegut paa Meaas.

«Reis ne’i kjellaren aa tappe i ei ølskaal fe ‘n,» sa mor til Lavrans.

Lavrans so gjorde; men daa han kom uppatt og baud tussen aa drikke, so tok han vrangsøles imot skaali og sa:

«Saa drikk dei danemenn!»

Detta var nok til aa erte Lavrans, og so skvette han øle midt i andlite paa tussen. Tussen smatt paa dynni og lova vondt.

«Gud nagde deg, hot gjore du naa!» sa mor til Lavrans.

Lavrans sprang uppi sengi og la seg ovanfor mor si, uppmed veggen.

Um eit bil kjem tussen innatt med ein stein i handi. Lavrans svinga tollekniven yvi seg.

«Nei, hot fe gjore du detta daa, naa stakk du ougae ut paa syste mi,» sa tusseguten, og i det same so hivde han steinen som raaka sengjestolpen so flisane spruta.

«Du raaka ikkje hell, sæling!» ropa Lavrans.

«Eg ha nok skulla raaka, ha kje den gamle graaskallen liggje frammafe deg,» svara tussen.

Sengi som Lavrans og mor hans laag i var paa Meaas alt til no i den seinare tid, og der synde tydeleg merkje etter tussesteinen. Steinen var au paa Meaas lengje, det er vel so 30 aar sea ‘n vart seld for 16 skilling til ein svenskje som f6r og handla gamalt.

*     *     *

Ein dag er Lavrans nede i Meaasdalen, daa bli ‘n vare ein tussegut som krek og krabbar uppyvi til løda med eit einaste konnaks paa ryggen, og han stunde og teva liksom det var so gruveleg tung byrd han hadde.

«Hot æ dæ du pustar aa pæsar saa fe daa?» ropa Lavrans; «du hev naa kje saa tong byri!»

«Skaa eg bera saa mykji ifraa deg som eg hev bore te deg, saa skaa du a bli vare at byri æ tong nok!» svara tussen, og so snudde han med byrdi og tok yvi til grannegarden, Bakken. Daa Lavrans stirde etter ‘n, so fekk ‘n fysst sjaa at det var ei uryggjeleg stor konnbyrd tussen slæpa paa.

Førr hadde tussen bore fraa Bakken baade fôr og mat, so der var berre naud og armod. Men no drog han fraa Meaas til Bakken att, so der vart stor vælstand; men paa Meaas vilde ingin ting lukkas etter denna tid, Lavrans fekk ein udaude, og folki hans gjekk det ut med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *