Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Vorter

Mot vorter var det mange rå'er. Ei rå' var det at ein skulle stela ein fleskebeta, og han skulle ein smørja vorton' med. Etterpå skulle ein ta fleskebetan og grava han ned i jordi baka'for ein jordfast stein, der morgo'soli ikkje skein. Da ville det ikkje gå lenge kør vorton' datt av.

Ei onnor rå' var å ta ein ulltråd og knyte på han så mange knutar som ein hadde vorter. Tråden skulle ein grava ned i jordi, helst ved ein jordfast stein. Når tråden rotna, datt vorton' av.
(Lom.)

Vorter skulle ein vaske i steinvatn. (Vatn som vart ståande att på stein etter regn).

Eller ein kunne gnu vorten' med fleskesvord, som ein skulle grava ned ein torsdagskveld.
(Fåberg.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *