Internt referansenummer: 14.10.2013 – BOK
Kilde:
Natur Folkeliv og Folketro paa Voss  og Vossestranden,
Belyst ved Natur- og Folkelivsskildringer, Eventyr, Sagn Fortællinger o.s.v.
fra ældre og nyere Tid
Samlet og utgivet af:
Th. S. Haukenæs
Fjerde del
Voss
Hardanger.
Udgiverens Forlag
1887
Klikk her for å lese mer om Thrond Sjursen Haukenæs
Klikk her for å lese Forodet

 

Vossastrondi

Vossastrondi ligg i sama Dalføret som Voss og haurde i ældre Tider detta Præstagjeldet til, for femtan-tjuge Aar sidan vart det fraskilt Voss og tilskipad som eiget Præstegjeld. Just nokon «Strond» er daa ikkje Bygdi, fyr ho ligg ikkje langs Sjoen elder langs noko Vatn, det er ei Fjellbygd, lang og smal, Gard etter Gard, helst langs Elvi, som strøymer etter djupaste Dalbotnen. Ved «Aarsbrui», eit Stykkje uppanfyr Skjusstasjonen Tvinde, er det Præstegjeldsbyte, nedanfor er Voss, og ovenfor er Vossastrondi. Dalen her er djup og trong, Vegen hoggen inn i stegla Fjellet, og nedanfyr deg ser du Elven brusande og skummande velta seg fram yver Berg og Stein. Fjellet, du hev paa vinstre Hand, naar du ser uppyver Dalen, er høgt og bratt, men likevel hev Bjørki funnet Feste fyr Røterna sina og klædt det. Det høga Fjellet paa den andre Sida av Dalen stengjer fyr Soli og legg et helder myrkt og kaldt Dæme yver denne Deild av Vossastrondi. Her ligg to gardar, Skogstad og Kvarme; fraa denne siste garden hev komet fleire kunnande Menner, især Musikantarar og Instrumentmakarar; Orglet i Ekersundkyrkja er soleides bygt av ein mann fraa Kvarme. — Ovanfyr «Skraamlebrui» vert Dalen nokot vidare og mykje ven; Augat fær større Utsyn, og Fjelli dreg seg meir attende. Her ligg fleire fine og gode gardar; dei kallar denne Deilden av Vossastrondi «Holbygdi». Dei Gardarne, du ser fraa, Postvegen, utgjere Sundve Skulerota. Lenger ut mot Aasen er Egdetveits Skulerota. Herifraa er ein Fjellveg til Eksingadalen. Paa garden Sausjord i Holbygdi bur David Skjærvheim, so hev vori Veimeistar; han hev drivet garden sin fram til eit Mynsterbruk fyr Vossastrondi baade i Uppdyrkning og i Husstel og Kryturstell.

Fraa Holbygdi laag Vegen i gamle Dagar i bratte Bakkar yver Aasen til Vinje Kjyrkja; no ligg den maklig og fin langs Elvi. Straks nedanfor Kjyrkja tek Vegen av mod Nord til Myrkdalen. Det Stykkje av Dalen, ein ser fraa Vegen, er helder myrk og svart aa synes aa fortena Namnet sitt, men længer uppe er der mykje fagert med gode Gardar; eit godt Fiskevatn ligg i Dalbotnen og speglar i de klaare, varme Sumarkveldarne av baate Gardarne og Fjellh.eideme med Snjofonner i Bekkjedrag og Skard, som breidar seg ut paa baade Sidor aat Dalen. Paa Garden Nesheim stend ei gomol Steinstova, som dei fyrr hev butt i, no bur dei i ei annen av Timber, som er bygt innaat. Myrkdalen er bygt i 7 Km.s Længde; fraa øvste Garden gaar ein mykje brugt Fjellveg til Vik i Sogn.

Plassen, der Vinje Kjyrkja stend, kallast Draugsvold. Summe meinar, Plassen hev faatt Namnet sit av, at der eingong i Tidi skulde være øvet Mandefald eller Drap her, og at Namnet fraa fyrst av var Drapsvold; andre meiner, Plassen eingang hev vore brukat til Leikvoll eller Samlingsplass fyr Ungdomen, der dei hardbalne Strendingar kom saman til Dans og Sjau, Slagsmaal og Dragsmaal og Pladsen soleids fekk Namnet Dragsvoll, og det er daa rimelegare. Der er mange Gravhaugar rundt Plassen, og i fleire af dei hev vore funnet Oldsakor. — Kjyrkja vart bygt i 1871. Tett attmed stend eit gjildt Heradshus, der Bygdastyret held sine Møtar; likeins hev Sparebanken, som vart skipad i 1876, sine Rom her. — Lenger upp i Dalen, paa garden Vinjes Grunn, ligg den gamle Kjyrkjegard med Kjyrkjetufti i Midten. Her stod Kjyrkja, solenge Strondi var Sokn under Voss, seinare, daa Strondi vart fraaskilt og gjort til eiget Præstegjeld, vart Vinjekjyrkja nedrivi og den nya paa Dragsvold sett upp istaden. – 4-5 Km. lenger upp i Dalen ligg Uppheimssokni. I gamle Dagar laag Vegjen dit yver Aasarne og var mykje bratt og tung; seinare vart den daa umlagt og fylgjer no Elvi og er baate jamn og lett. Umvølingi vart ferdug i 1878. I Elvi, eit litet Stykkje ovanfyr Vinje Skjusstasjon, er ein djup Hyl held Jettegryta; daa dei arbeidde den nye Vegjen velte dei mykje Stein og Grus ut i Hylen, og so djup var den, att dei saag ingenting igjen af det altsaman. – Eit Stykkje lenger upp i Dalen og paa nordre Sida er ei Gro eld Bekk, som heiter Fylkjesgroi; her var i gamle Dagar Bytet imellam Horda- og Sygnafylkje, segjer dei. Uppheimssokni haurde soleids til Sogn, og det var fyrst i 1774 ho vart lagt til Voss, som dengong haurde til Nordhordlands Provsti og Futri. – Yver Osen av Uppheimsvatnet er bygd ei Jarnbru, dan fyrsta av det Slaget paa desse Kantar. «Da Ljosnar, naar Ein kjem til Uppheimsvatnet», sa Mannen, og dar er nokot sannt i dat dar. Dalen vert vidare, Augat fær større Utsyn, og eit fint Vatn, speglande klaart og reint og med gode Gardar omkring, gjev Bilætet Farge og Liv. Vatnet er paalag 6 Km. langt. Paa nordre Sida aat Vatnet stend Uppheimskjyrkja. Ho er Hovudkjyrkja og vart bygd paa sama Tidi som den paa Draugsvold. Tett attmed Kjyrkja ligg Prestagarden. Der Stend den eldsta Røykstova i Bygdi. -Gardarne paa baade Sidor aat Vatnet utgjer ei Skulerota; paa Hauge, som ligg ved austre Enden av Vatnet, er der Skulehus fyr Gardarne dar. Her ligg største Furuskogen i Bygdi; den er paalag ein Fjordung vid. Paa Gardarne Hauge og Lunde er dar gamle Gravhauger. Paa Lunde budde dan namnjetne Spasmakaren Jon; i ein Stovevegg kan ein endaa sjaa ein Stokk av Loftet hans med Aarstal paa. Garden Tveite haurde ei Tid, snurrigt nok, under Hakestad i Ulvig og hadde daa namnet Hakestadtun. – I den andre Enden aat Vatnet ligg Garden Kjønnegard, ille bekjendt fyr den strenge Nervesotti, som i mange Aar hev rasad her og mest kvert Aar floget ut yver Vossastrondi og Voss og drepet mangfol-duge Menneskjor. Lækjarane paastend, att Garden maa brennast av fyr Sotti held upp.

Den beste kjendte Stad paa Vossastrondi, baate blandt Norskar og Utlendingar, er daa Stalheim og Stalheimsberget elder Stalheimskleivarne, som dei reisande kallar det. Fraa det nya Hotellet til Hr. Andersson hev ein ei framifraa gjild Utsyn. Paa nordre Sida peikar Brekkenipen høgt upp mot Himlen, paa andra Sida elder mot Sud reisar Fyrdesnipen seg, og beint imot hev Ein den velduge Gubbe Jordalsnuten, rund og stegla paa alla Sidor og svimlande høg. Nedanfyr ligg daa Nerøydalen, trong og vill og myrk med Elvi etter midten som eit langt, glimande Syllband. Eit meir forfælande villt og storsleget Landskap held Nærøydalen skal Ein vel vanskeleg (inna. — Paa baade Sidur av Stalheimskleivarne hev Ein glup med brusande Elvar og høge Fossefall i; størst er Sivlefossen, som med stort Brak veltar seg utyver stegla Fjellet og send Røykskyarne sine lika burt paa Vegjen. Sivlesøen heitter Garden, som ligg paa Flaten under Stalheimskleivarne, det er siste Garden, som høyre Vossastrondi til, sidan kjem Nerøydalen og Sogn.

Til vinstre fyr Jordalsnuten ligg ein Fjelldal, som heiter Jorddalen, trong og myrk og med høge fjell paa mest alla Sidor, her bur og Folk. Der er gode Beite uppaa Fjellviddarne, og det er daa mest Kryturi dei liver av her. Vegjen dit gaar yver Naalena, dei kallar; det er berre Klyvjaveg og ligg so snaud fram paa Stupet, att Ein reint kan fæla aa gaa den. Um Vetren gaar dar alt i eitt Snjoskredor, men likavel er det ikkje ofta det hev gjenget galet korkje med Folk held Fe.

Fornemste Livevegen aat Vossastrendingom er daa Kryturstellet, for dei hev gode og laglege Beite, og Graset paa Heimamarkjorne er nærande og gott som det ofta er i Fjellbygdame. Kornavling driv dei inkje so hart med, fyr dar er mange Gardar, som ikkje er aarvisse. Litevetta Hestealing driv dei og med, og summe handlar med Hestar, heilt burt paa Austlandet. — I lengere Tid hev der kvert Aar reist Folk til Amerika. Folketalet er no gode 2000.

Upplysningen er so nokonlunde bra. Baade Sokner hev Leseforeiningar. Ein held annen Avis er der mest i kvart Hus. Mest kver einaste Mann er Vinstremann.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *