Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Vrakgods

Vrakgodset hadde mykje å seie for folk i Ytre Senja, særleg før i tida.
Mange av dei gamle husa var bygd av rektømmer, og reksterveden tok dei
godt vare på i dei skogfattige strøka der ute. Både unge og gamle hadde
det i blodet at sjansen ein dag kunne vere der. Forfattaren av denne
boka var lærar i Ballesvika i 1920-åra og kan minnes at skolegutane
kasta veskene under trappa og la i firsprang ut til stranda når
skoledagen var slutt. Særleg påpasselege var dei når det hadde vore
havver om natta.

Dei beste plassane for havrekster var Medfjord og Medfjordbotn,
Ersfjord og Strandby, Bø, Teistevika og Sandsvika. Elles dreiv det meir
eller mindre av vrakgods i land på dei fleste gardane i Ytre Senja, frå
rekstokkar, smørtynner og vinfat til kvalskrottar, hornminer og
skipsvrak.

Ein og annan gongen kom det eit sjølik åt og blei boren opp på
kjerkegarden. Lærar Ingebrigtsen fortel at då han hausten 1885 gjekk
over skaret til sin første skoledag i Sandsvika, møtte han to menn som
bar på ein lang, tung kasse. Då han kom til gards, fekk han vite at dei
hadde funne restene av eit sjølik på stranda den dagen, og at dei to
mennene var på veg til kjerkegarden for å bringe det i kristen jord.
«Senere fikk jeg vite at der var drevet til lands noe av hvert i årenes
løp», for-tel Ingebrigtsen. Namn som Daumannsøyra i Ballesvika er eit
tydeleg vitnemål om det.   
(O.B. Ingebrigtsen)

I de tilfeller at det ikke er noen
stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene
som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.
vrakgods.jpg


llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *