Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Vre'

Forvridd hand eller fot kalla dei vre'. Anne Blomsterviken gjorde åt for slikt. Ho tok da ei bile og la den vonde handa eller foten på hoggestabben og hogg med bilen på båe siom og sa:

– Eg høgg for vre', utu' le' og inn i tre.

Da hadde ho mana vondskapen inn i stabben.

Ei anna ronkjering bruka ikkje øks for vre', men ho tumma den vonde le-en og las denne bøna:

«Det sat ei kjering i eit le'
og gjorde åt for vre'.
Ho nysta og ho batt,
ho trakka så det skvatt.
Blir det ikkje godt att i morgo',
så blir det i natt.»
(Øyer.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.