Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Svein i Ur'n

Ymse krøterråder

(Svein i Ur'n talar um gamletidi)


Når kyrne blir digre og får galder, brukte dei gamle å ta tå dei blod. Dei skar ei kløyve inn i rovetippen deira. Etterpå hadde dei i dei terpentin.

Ein gamal fekar, dei kalla Eivind Torset, hadde stor tru på terpentinet. Han sa:

«Ho mor brukte alla tie å røre noko terpentin inn i busaltet!»

Når geitene hadde laust liv, slo dei i dei terpentin.

Var det ett dyr som var halt på stølen, ringa dei upp den grastorva dyret stod på, rundt den sjuke foten. Med det same dei skar ho upp, sa dei:

«E be um å få låne denne te helsebot før kjyr'n mine!»

Når dei hadde fått torva upp, hengde dei ho på ein gardstaur med jordsida upp. Det heng i meg at dei la ho på same staden att når kyri var vorti frisk.

Vilde ikkie kyrne greie seg, gjekk dei dit det vaks ein torne kvist. So tok dei denne i toppen, bøygde han mot jordi og sa:

«Denne kvist'n vil e få lånt te kjyre mi ha greitt se!»

So la dei ein stein på toppen og sa:

«Denne børe ska du bera te kjyre mi ha greitt se!»

Når då kui hadde greitt seg, skulde ein gå stad ta tå steinen og takke for lånet. —

Um sumaren var det serleg um å gjera at kui bar um dagen, so ein fekk passe på ho. Vilde ein få til det, skulde ein passe på mjølke kyri, siste gongen før ho let av, um morgonen. Mjølka ein siste gongen um kvelden, kom ho til bera um natti.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *