Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Ymse prisar i 1840-50-åri

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Med godfar og far levde, var det 12 skilling tunna for treskingi. Då vart kornet treskt, tågjort og bore på loftet. Sume gav korn for treskingi. Dei fekk eitt pund korn for to og to tunnor som dei treskte. Det vart då rekna ei mark pundet for kornet.

Det var ei tunne korn for graving av eit åkermål. Var det ein bonde som var i beit for pengar, selde han ofte avgroda på eit åkermål. Vilde han gjeva trygd for at det vart tre tunnor korn på målet, fekk han 10 dalar. Vilde han ingi trygd gjeva, fekk han berre seks dalar.

Um kveldane dreiv treskjarane og spikka skeier, sleiver, nauteband og anna ein bonde trong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *