Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Ymse truer um småborn

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Sume barn er fødde med ei liti skinnhette på hovudet. Sigl heiter ho. Dette skulde dei gøyme. Det fylgde lykke med det.

Krøteri kann ogso vera fødde med slike sigl. Når det hender, skal ein ta siglet og hengje det uppover kyri. Då skal ein ha lykke med henne.

Når ungane låg på fanget og kasta føtene i kross, skulde dei ikkje koma te leva lenge.

Var ungane svært tunge, skulde det hengje jord ved dei, sa dei gamle. Dei skulde døy snart då.

Ein gutunge som er uroleg tå seg, skal bli ein vidvankande kar.

Når ungane leikar likferd, blir snart ein feig.

Dei ungane som gret fælt i kyrkja når dei vart kristna, skulde ikkje koma te leva lenge. — Han Trond, bror, gret so fælt i kyrkja. Og han vart heller ikkje langt liv lage. — Eg hugsar ogso noko anna um han Trond frå dåpsdagen hans.

Då dei kom att med han frå kyrkja, la dei han på bordet, og so tok dei eit brød og la uppå han. Dette gjorde dei for at han ikkje skulde koma te trjøte brød. (Trøtje = vanta, få for lite) Det var ho «gomo Øye» som ordna med dette.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *