Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Berit i Ur'n

Ymse varsel, merke og råder

(Berit i Ur'n er godt inni gamal tru og skikk)


Dersom det um våren og utetter sumaren var mykje mus med lang rove, skulde det bli godt år. —

Snøa det sumarmålsdagen, skulde det koma ni snødottar etter sumarmål. —

Slær tora mot soli, skal det bli turt ver. Slær ho undå soli, er det mykje betre. I sumar slo tora mot soli. No ser du kost det har vore, turt i vekevis.

Slær tora føre jonsok, skal det ikkje vera godt mark.

Dersom linerla, fyrste gongen ein såg ho um våren, sat på eit tak, skulde det bli lang årsvekst. Sat ho på jordi, skulde det bli stutt vekst.

Mot draugesleik, eit sår på lepen, serleg i munnvikene, nytta dei gamle alun. Dei la det på omnen til det kokte i det, So smurde dei det på såret.

Det var raspande gale å ta i mus når ein gjekk med småe. Ei Eli Bakke tok i ei mus med ho var fremmeleg. So kom ho sidan til å ta i oksli si. På ungen tedde det etter tre fingrar på oksli.

Inn i linden åt småe ungar sydde dei noko dei kalla ”Jøssø navn”. Kva det var, vett eg ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *