Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Zetlitz og beinrangele

Ein gravar ved Brunkeberg kyrkje var so ille steld med eit beinrangel, som han kom nedpaa alt som tidast, naar han skulde kaste upp ei ny greft, og det var kje raad aa faa det utor vegen.

Presten Zetlitz var i Kvitseid daa og fekk au høyre snakke um detta beinrangele. So bad ‘n gravaren vilde bodsende honom det fysste han skulde kaste upp ei ny greft.

Gravaren lova detta. So ei stund etter skulde det upp ei ny greft, og Zetlitz vart bodsend og stod jamsides gravaren. Han kom snart nedpaa beinrangele att. Daa sa Zetlitz honom til aa leggje det uppaa gravbakken. Gravaren gjorde so, og presten stod lengi og bisna paa det. So bad ‘n gravaren vilde reise det upp innmed kyrkjeveggen. Han so gjorde, og Zetlitz sjav gjekk inn i kyrkja; der var ‘n umlag ein time. Daa han kom utatt tok ‘n beinrangele og la det ned paa bakken. So tok ‘n spaden av gravaren og hoggi til yvi halskvirvilen, so hausen vart skild ifraa kroppen.

«Hot fe gjore du detta daa?» spurde gravaren.

«Jou,» sa Zetlitz, «detta hev vore ein mordar som hev døytt og ikkje sanna eller sona. Men no skal han ikkje koma i vegen for deg meir.»

Etter den tid var beinrangele burte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *