(www.historier.no har fått tillatelse til å legge ut dette intervjuet etter kommunikasjon med Terje Erstad i januar 2020)

Ole Wedde (1905‒2000) og Petra («Pella») Wedde (1909‒1997)

  • Ole: fiskar, bonde og sesongarbeidar på Vedde-fabrikken.
  • Petra arbeidde på Devold.
  • Intervju: Børre Vegsund, med Ole 12.10. og 31.10.1985, med begge 31.12.1990.
  • Emne 1985: om Vedde-gardane, kvernene på Vedde, Bigtons guanomølle, fiske og fangst, barking av garn, istaking og ishus, isskuter, kvalkokeriet og spinneriet på Vedde, skulegang, overtru og segner, kyrkjevegen frå Eikrem til Vedde, stadnamn, personar (fleire stader), fiske og fangst, stølar, taktekking/torvtak, leik og moro, utmark og stølar, gjeting, omgangsformer, huldrebryllaup, skillingsvise, historie om mat.
  • Emne 1990: nybrot i 1934, grov tomt til hus og løe, byggearbeidet, Pella om husbygging og arbeid på fabrikken, på skeiser og ski over Sætrevatnet, meir nybrot i 1940, den første kua, gris og hest, veg frå bruket til hovudvegen, meir om husbygging, åker og eng, treplanting, utmarka.

Dette intervjuet har Sula Frikyrkje fått laga. Vi møter to som i mange år la ned eit stort arbeid i Frikyrkja og som fortel frå livet sitt der:

Om Sula sogelag

Skipingsmøtet for Sula sogelag vart halde på Devoldfabrikken 25. mars 1992, med møtestart klokka 18.53! (1853 var året då den første fabrikken til Devold kom i gang i Skaret i Ålesund.) Roar Tynes vart vald som første leiaren i laget. Han hadde då sete som leiar i interimstyret og vore ein sterk pådrivar for å få i gang eit sogelag i Sula.

Om intervjuene i regi av Sula sogelag

Sulalendingar fortel om gamle dagar.

Midt i 1980-åra tok Lions Club Langevåg initiativet til å gjere lydopptak av samtalar med eldre sulalendingar om livet før i tida. Lions-klubben har gitt Sula Sogelag løyve til å publisere desse opptaka. Helge Solevåg har digitalisert og redigert dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *